Engler og BUkser
Engler og Bukser, Huba og Buba
kva skal ein stakkar gjere?
Engler og Bukser, Huba og Buba av Paul Leer- Salversen
Boka har fått skulebibliotekarforeininga sin pris i 1996 og høyrer inn under sjangeren roman for barn i 6-9 års alderen. Boka tar opp tema skule og mobbing og handlar om Paul og hans redsel for å bli mobba i friminutta og på heimvegen. Han kjem opp i ein pinleg situasjon kor buksa hans sprekk. Alle barna ler, til og med Silje. Paul stormar ut av klasserommet.
Boka er lett å lese, ho har korte setningar og er spennande. Boka opplevast fengjande og original, rett og slett ei moro vinkling. Forfattaren klare å halde på humoren sjølv om tema kan vere litt dystert og han klarar også å halde på spenninga heile vegen. Boka avsluttar ikkje uventa med at alt går bra.
Forfattaren Paul Leer-Salversen
Han vaks opp som presteson, i Bergen og på Sunnmøre, og budde i Kristiansand sia han var 14 år gamal. Barnebøkene om Preste-Paul 1992-2006 er lettlestbøker med bittersøte minne frå ein barndom som overvektig mobbeoffer. Bøkene har nådd stor popularitet.
Han har mottatt Riksmålsforbundets barne- og ungdomsbokpris i 1993 og Skulebibliotekarforeininga sin litteraturpris i 1996. Fleire av bøkene hans er oversatt. Han har vore medlem av Den nasjonale forskningsetiske komite for humaniora og samfunnsfag og Kringkastingsrådet samt Lovutvalet for utilrekneleg og rettspsykiatrisk sakkyndige.
Totalvurdering:
Dette er ei lettlest bok for barn i alderen 6-9 år. Han tek opp eit vanskeleg tema på ein morosam og spennande måte. Boka anbefalast for både eigenlesing og til bruk på skolen, for eksempel høgtlesing med lesestopp.
Boka i bruk
Ein av arbeidsmetodane ein kan velje er høgtlesing med lesestopp. Då får ein samla klassen rundt ei felles lytteoppleving med tid til refleksjon og utforsking av teksten undervegs. Eg ville forklart elevane at eg skal lese ei bok av Paul Leer-Salversen som heite Engler og bukser og huba og buba. Når eg stoppar, skal dei få tenkje på, snakke om og skrive om kva dei tenkjer om det eg har lest.
Første lesestopp
Her ville eg laga spørsmål på førehand, til dømes, når Paul opplever at buksa sprekk, kva ville elevane følt om dei var i Paul sin situasjon? Her er det meininga at elevane skal få tid til å tenkje over kva dei nettopp har høyrt. Grunnen til at dei skal få tenkjetid er at ikkje bare dei elevane som er raskast å tenkje skal få ordet. Dei andre skal og få tida til å respondere på spørsmålet. Etter to minuttar kan ein til dømes få elevane te å komme fram og seie kva dei har tenkt.
Andre lesestopp
Andre lesestopp kan ein til dømes ha lagt der kor Paul sitter på kyrkjetrappa og ikkje heilt veit kva han skal gjere. Her kan elevane skrive vidare kva dei ville gjort i same situasjon. Så kan dei diskutera i par eller i små grupper. Til slutt kan dei ha ein klassesamtale, elevane får då øvd seg på å sette ord på tankane sine. Dei får vere i handlinga i boka.
Tredje lesestopp
Tredje lesestopp kan komme når Silje kjem og etter seg saman med Paul. Spørsmålet kan vere noko sånn som kva ville dei gjort for å hjelpe Paul viss dei var i Silje sine sko?
Fjerde lesestopp
Fjerde lesestopp kan komme etter at Paul vel å dra tilbake til skulen. Korleis ville dei som klasse møte Paul når han kom tilbake? Her kan ein til dømes bruke IGP modellen, at elevane får tenkje individuelt først, så saman med ei gruppe. Elevane skriv då stikkord om kva dei har kome fram til, til slutt kan ein ha ein klassesamtale.
I Kunnskapsløftet finn vi målformuleringar knytt til bruk av litteratur i undervisninga. I kompetansemåla etter 4.årstrinn står det at elevene skal kunne gi uttrykk for tankar og opplevingar omkring barnelitteratur. Dei skal få uttrykke tankar om språk, personar og handlingar i skjønnlitterære tekster. Dei skal også utrykke eigne meiningar, følelsar, refleksjonar rundt ein tekst (LK06).
Opplegget er henta frå lesesentret sine sider, bok i bruk.